søndag 17. mars 2024

 Kurs i slektsgransking

Sogelaget vil halde korte innføringskurs i slektsgransking denne våren.
3 kveldar a 2 timar.

Innhald:
- grunnleggande teori og system (berre litt)
- digitale kjelder
- praktiske øvingar

Du treng pc med internett, penn og papir.

Grupper på 3-4 personar.

Vi nyttar rom på skulen.

Pris: 100 kr pr person.

Påmelding til Arvid Håkon Moe
 

tirsdag 12. mars 2024

 Bli medlem i sogelaget.

Sogelaget må få orden på medlemslista !

Årleg kostnad kr 100 pr familie.

Vipps 573088 eller banknr 3910 14 59229
Merk med namn, epost og telefon.
  


Frå Øvre Reistad (Ola-garden, Knut-garden og Tostein-garden.
 


søndag 10. mars 2024

 

ÅRSMØTE VÅGSTRANDA SOGELAG 29.02.2024

Tilstede: Arvid H. Moe, Birgit Moe, Ole Bjerke, Sverre A. Pedersen, Ove Straume, Willy Thoresen, Synøve Thoresen, Tina Kristin Dyrhaug, Solveig Bjering, John Olav Kormeset, Olav Nyhagen, Inghild Aukan, Alf Vikås og Bjørn Aarset.

Innkalling ble godkjent.

Arvid gikk igjennom årsmeldinga fra 2023. Den ble godkjent. Sjå nedanfor.

 Ove gikk igjennom regnskapet.

  - Kassabeholdning pr.15.02.24   kr 594,-

  - Bankbeholdning pr. 15.02.24   kr  33053,-

1. Valg.

Disse er på valg: Arvid, Ole og Solveig.

Alle tok gjenvalg.

2.    Ove lager oppdatert medlemsliste.

3.    Ideer/ Aktiviteter 2024

-             Sogevandring.

-             Fortsette arbeidet med navneprosjektet.  Kartlegge å få rett navn på    bekker/grøver/steder/grenser i bygda.

-             Ta opp tråden til arbeidet rundt Fellestunet i Hjelvika.

-             Teksting av bilder fra Romsdalsmuseet  om Østersproduksjonen.

-             Østerskvelden 25.04.24.

-             Kurs i slektsgransking.

       4.    Arvid orienterer om Digital Arkivet og viser hvordan en bruker det.

 

Tina Kristin Dyrhaug

 Referent


Vågstranda sogelag

Årsmelding for 2023.

Sidan årsmøte den 1. mars 2023 har styret vore slik:

Leiar               Arvid Håkon Moe                   2023    på val
Skrivar            Tina Kristin Dyrhaug               2023
Kasserar          Ove Straume                           2023
                        Ole Bjerke                              2022    på val
                        Sverre A. Pedersen                 2023
Vara                Solveig Bjering                       2022    på val
Vara                 Willy Thoresen                        2023                Valkomite
Vara                Jon Olav Kormeseth               2023                Valkomite
Revisorar         Anne Britt Kormeseth og Asle Furu
NB Styret har gjennom året vore ein meir enn vedtektene fastsett.

Det har vore  …. styremøte siste året.
Saker som har vore omhandla er:
- sogevandring
- østersproduksjon
- namneprosjektet
- Minne frå Vågstranda
- laust prat og minne frå før i tida

Den 11. juni arrangerte laget sogevandring langs Reistadelva frå øvste brua til fylkesvegen.
Det møtte 22 personar. Fint ver og mykje  elvasus.

Laget har teke mot gamle protokollar frå ungdomslaget og mange nedlagde misjonsforeiningar og bedehuset.
Alle vart overlevert til Romsdalsmuseet 7.november 2023. Der blir dei trygt lagra og tilgjengeleg for alle som vil lese i dei. Må bestillast og lesast på lesesalen der.

Samme dag vart sogelagskalenderen for 2024 henta på EKH-trykk og lagt ut til sals på Nærbutikken vå.

Antal medlemar i laget er ikkje registrert

 

Arvid Håkon Moe

leiar

 


lørdag 10. februar 2024

 Årsmøte 2024

Tid: 29. februar kl 19

Stad: På skulen

Vanlege årsmøtesaker.

Enkel bevertning

Prat om ymse tema frå "før-i-tida"

Vel møtt.

søndag 11. juni 2023

Sogevandring - rundt nedste delen av Reistadelva



 

Foto: Asle Furu

Søndag 11. juni kl 14 møttest vel 20 personar på Hauå. På turen nedover langs elva fekk vi høyre om Svortedalen, Hopedalen, Klengerbrauta og Klengrå. Lenger nede passerte vi Nagelgjerdet og Mathau'n. Vi fekk også sjå restane etter kraftverka på Øvre Reistad og Nedre Reistad.
Vegar og bruer vart og omtala, og sandsiloen i Nagelgjerdet. Mellom elva og vegen ovafor gamlebrua ved Bruteigen låg meieri-husa som var i drift fram til 1912.


Bruteigen ca 1908. Foto: L.O.Legernes


Foto: Privat


søndag 4. juni 2023

Sogevandring langs Reistadelva

Soga blir til mens vi går. Søndag 11. juni kl 14.00

Frammøte på P-plassen på Hauå.

Vi ruslar sakte unnabakke medan Arvid Håkon Moe fortel om vegen og bruene, kraftverk, meieri, kverner, butikk og sagbruk.
Slutt seinast kl 16.00

Vel møtt 

Vågstranda sogelag.

torsdag 2. februar 2023

Styreprotokoll frå 19.1.23.

 Sak 1     Årsmøtet 2023
               Tidspunkt: Onsdag 1. mars kl 20.00 på skulen.
               Vanlege årsmøtesaker.
               Leiar prøver å finne eit kultur/historieinnslag frå Vestnes. 
               Kunngjering på vågstrandssida og blogg.

Sak 2     Kalender og bok
Lite sal av både kalender og bok.
Laget kan ikkje halde fram å gje ut boka. Produksjonsprisen er for høg i høve til sal.
Dessutan er det for få som vil skrive.
Det blir ikkje ny utgåve av boka i 2023. Sogelaget har stort lager av dei fleste utgåvene.
Restlager blir seld for 50 kr pr bok.
Ny kalender for 2024 til hausten. Eldre kalendrar gjev vi bort.

Sak 3    Namneprosjektet
Vi vil prioritere fullføring av namneprosjektet dette året. 

Sak 4    Arrangement
Prøver å få til eit arrangement inne i vår. Tema ikkje bestemt.
Sogevandring langs Reistad-elva til sommaren.

Sak  5   Kurs med følgjande tema:
a) Slektsgransking
b) Lokalhistorie på nett
Begge kursa blir kunngjort på Vågstrandasida.